Årets siste tur

Det har ikkje alltid vore maksvêr under nyttårssamlingane på Brandsøyåsen, men det kan vere friskt med ein tur ut i vestlandsvêret som avslutning på romjula. Her frå 2012.

Det har ikkje alltid vore maksvêr under nyttårssamlingane på Brandsøyåsen, men det kan vere friskt med ein tur ut i vestlandsvêret som avslutning på romjula. Her frå 2012. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Det starta ved årtusenskiftet, og har sidan vorte ein årviss tradisjon: Turen opp på toppen av Brandsøyåsen på årets siste dag.

Ein kan velje kvar ein vil starte og kva tempo ein vil halde, men meininga er å treffast på toppen klokka 13.

Turlaget oppfordrar til at ein har varme klede, noko varmt å sitte på og gjerne ein termos med varm drikke, mandariner og julekaker. Ta også gjerne med ein fakkel å tenne på eller lommelykt, for det kan vere mørkt når ein skal ned att.

Om vêret tillet det, vil det bli tent bål på toppen.

Om du lurar på noko, kan du ta kontakt med Signe Nordvik i Turlaget, og ho har telefon 415 30 520.

Artikkeltags