Nytt tilfelle av korona påvist i Kinn

FLORØ: Fire personar i Kinn kommune har no fått påvist koronasjukdom.

DEL

Det er påvist eit nytt tilfelle av koronasmitte i Kinn kommune. Det stadfestar kommunelege Jan Helge Dale søndag føremiddag.

Laurdag kveld vart det meldt om to nye smittetilfelle i Helse Førde sitt område. Eit av dei kjem frå Kinn kommune.

Har vore i isolasjon

– Det er sjukehuset i Førde som har testa og påvist smitte på ein person som kjem herifrå. Det er ein person som har vore litt inn og ut av sjukehus. Vi kjenner ikkje smittevegen, men det er ingen grunn til å tru at denne personen har blitt smitta lokalt.

Dale fortel at det er liten grunn til å tru at denne personen har smitta folk rundt seg. Det er ein person som har vore meir eller mindre i isolasjon grunna sin eigen tilstand.

To ved omsorgssenteret

To av dei fire smitta jobbar ved Flora omsorgssenter. Når det gjeld situasjonen rundt dei to smitta som jobbar ved omsorgssenter i Florø fortel Dale at ingen av testane som blei gjort i den forbindelse har vist smitte.

– Vi har testa mange av dei som har vore rundt den smitta, både pasientar, personale og andre. Dei testane har vore negative, fortel Dale.

Dei har ikkje testa alle ved omsorgssenteret, men dei som har vist symptom har blitt testa, og terskelen har vore låg. Dale seier at dei har testa mange. At testane har vore negative meiner Dale seier at det viser at smitta personar er rundt oss.

Om vi kjenner oss dårlege, bør vi halde oss for oss sjølv. Elles gjeld det å følge smitteråda frå styresmaktene vidare.

40 personar i Helse Førde sitt område har no fått påvist sjukdommen Covid-19, skriv Firda. Fire av dei er frå Kinn kommune.

Artikkeltags