Byggjevarekjeder åtvarar om at byggjevarer kan bli inntil 20 prosent dyrare i løpet av våren. Bransjen skuldar på krigen i Ukraina.

– Marknaden kjem nok opp på det høgaste prisnivået vi har sett dei siste fem åra, seier Pål Erichsen, kategoridirektør i Optimera – Noregs største aktør innan sal og distribusjon av byggjevarer, trelast og interiør, til NRK.

Gjennom pandemien har marknaden vore sterkt med høg internasjonal etterspurnad, og på toppen av det heile kjem krigen i Ukraina, påpeikar Erichsen.

Både Optimera, Neumann bygg, Maxbo Proff og andre bransjeaktørar har varsla prisaukar som følgje av situasjonen.Krigen har ført til at det ikkje lenger blir kjøpt inn varer frå Russland og Kviterussland, som er store produsentar av trelast og trebaserte produkt.

Administrerande direktør Kjell Paulsrud i Neumann bygg seier det vil bli vesentleg dyrare å pusse opp og byggje hus.

– Ein einebustad som kosta 6 millionar å byggje i januar i fjor, kan koste 7,5 millionar i sommar, seier han til NRK.

I tillegg vil varer som blir produserte ved hjelp av betydelege mengder energi, bli påverka av høge energiprisar. Erichsen antek det vil gi ein prisauke på isolasjonsprodukt og gipsplater.

(©NPK)