Nytt Høgre-forslag kan vere dårleg nytt for Kinn Bryggeri

AVVENTANDE: Espen Lothe er usikker på utfallet viss norske styremakter gjer som Høgre føresler, nemleg å opne for sterkøl i norske daglegvarebutikkar. – Men at det vil kome endringar i åra framover er eg overtydd om, seier bryggerieigaren.

AVVENTANDE: Espen Lothe er usikker på utfallet viss norske styremakter gjer som Høgre føresler, nemleg å opne for sterkøl i norske daglegvarebutikkar. – Men at det vil kome endringar i åra framover er eg overtydd om, seier bryggerieigaren. Foto:

Programkomitéen i Høgre vil at daglegvarebransjen skal få utfordre Vinmonopolet på sal av sterkøl.

DEL

Høgre sin programkomité har nyleg lansert fleire endringsforslag når det gjeld den norske alkoholpolitikken og korleis ulike typar varer bør omsetjast. Eitt av dei er å fjerne Vinmonopolet sin einerett på å selje sterkøl opp til åtte prosent, og sleppe daglegvarebransjen inn på denne marknaden. I dag går alkoholgrensa for butikkøl på 4,7 prosent.

For Espen Lothe og Kinn Bryggeri er Høgre-framlegget noko som ikkje umiddelbart blir applaudert. Kinn Bryggeri har ein dominerande posisjon over store delar av landet på nettopp sterkøl-sal hjå Vinmonopolet.

– Rundt 40 prosent av totalsalet vårt skjer på Vinmonopolet. Det trur eg vi er best tent at består også i framtida, seier Lothe, og strekar under at han ikkje kun tenkjer på eiga bedrift når det gjeld det synspunktet.

(Saka held fram under bildet)

KAN FÅ KONKURRANSE: Om Høgre får gjennomslag, vil Sølvi Brimsbø og Vinmonopolet ikkje lenger ha einerett på sterkøl-sal i Norge.

KAN FÅ KONKURRANSE: Om Høgre får gjennomslag, vil Sølvi Brimsbø og Vinmonopolet ikkje lenger ha einerett på sterkøl-sal i Norge. Foto:

Magert sal i butikkane

– Sal av handverksøl har ikkje vore noko suksesshistorie hjå norske daglegvarekjeder. Salet har vore for lite. Det har ført til at altfor mykje øl har blitt ståande for lenge og støve ned i butikkhyllene, og når kunden kjøper det, er kvaliteten forringa. Vi ser no at daglegvarebransjen strammar kraftig inn i utvalet. Å opne for eit nytt produkt i butikkhyllene, sterkøl, trur eg ikkje er vegen å gå, seier Lothe, som likevel seier han er usikker på kor stor betydning ei slik endring vil få for hans bryggeri.

LES OGSÅ:

Kinn Bryggeri har nemleg hatt eit stort oppsving når det gjeld ølsal frå daglegvarebutikkar i 2020. Auken er på nesten 100 prosent, og Lothe forklarar den formidable auken slik:

– Forutan koronaeffekten så har vi blitt flinkare til å treffe med dei rette produkta i daglegvarehyllene. Før var det gjerne slik at vi tok ein sterkøl-salssuksess frå Vinmonopolet og lanserte same ølet men med mindre alkoholinnhald i daglegvaresegmentet. Det viser seg å ikkje vere vegen å gå. Så vi lærer noko nytt heile vegen, seier Lothe.

Ulikt handlemodus

– Kva er grunnen til at handverksøl sel godt på Vinmonopolet og dårleg i daglegvarebutikkane?

– Eg trur det har med handlemodus å gjere. Når du går i daglegvarebutikkar, jaktar du gjerne på dei gode prisane. Men handverksøl er dyrt, og langt frå alle kjøper slike produkt på ein tysdag eller onsdag. Går du derimot på Vinmonopolet ein fredag, så er du i eit litt anna modus, og du er kanskje ikkje like oppteken av pris, trur Lothe.

Sjølv om Lothe ikkje jublar for endringsframlegga frå Høgre, er han innforstått med at endringar både vil og må kome i den norske alkoholomsetnaden.

Finske endringar

– Vi ser det på debatten som no går rundt taxfree-salet. Anten ein er tilhengjar eller motstandar av taxfree-ordninga, så er det jo ei pussig greie at eit av hovudargumenta for å behalde taxfree, er at det finansierer norske lufthamner i distrikta. Det må vel finnast ein annan måte å gjere det på, enn at folk skal gjevast høgare salsrabattar på alkohol og tobakk jo meir dei reiser, seier Lothe.

Han meiner norske politikarar kanskje burde studere endringane som Finland gjorde for nokre år tilbake. Etter å ha hatt eit regime ganske likt det norske, med ei alkoholgrense på 4,7 prosent for butikkøl, blei det mellom anna opna for sal av sterkøl direkte frå handverksbryggeria og for sal av øl med inntil 5,5 prosent alkoholinnhald i daglegvarebutikkane.

Så gjenstår det naturleg nok ein veg å gå før Høgre-framlegget eventuelt blir gjeldande politikk. Blant anna skal regjeringskameratane i Kristeleg Folkeparti overtydast om at det som kan lukte av ei liberalisering av alkoholsalet her i landet, er ein god idé.



Artikkeltags