Kven skal få nynorskprisen i år?

Håkon Haugsbø sit i juryen som deler ut Kulturdepartementet sin nynorskpris til journalistar. Det same gjer forfattar Agnes Ravatn og Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee.  Arkivfoto.

Håkon Haugsbø sit i juryen som deler ut Kulturdepartementet sin nynorskpris til journalistar. Det same gjer forfattar Agnes Ravatn og Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee. Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ingunn Solheim? Ronny Brede Aase? Linda Eide?

Nei, for dei har allereie fått Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar på 50.000 kroner og ein god porsjon heider.

Kanskje veit 'du' om ein nokon som fortener ein klapp på skuldra for nynorskbruken sin?

Fristen for å sende inn framlegg er utvida frå 1. april til 4. april, slik at du får helga på deg til å skrive ei grunngjeving.

Ein jury vil peike ut prisvinnaren. I juryen sit Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee, forfattar Agnes Ravatn og tidlegare NRK-programleiar Håkon Haugsbø.

Her kan du lese kvar du skal sende framlegget.

Og her kan du sjå ein video av Håkon Haugsbø der han forklarer det heile i detalj - på velklingande nynorsk.

Artikkeltags