– Også i år kan vi tilby fleirtalet av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Det er svært gledeleg, seier Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune, i ei pressemelding skriv Firda.
Til saman har 4339 søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane til skuleåret 2018-2019. Av desse har 4038 ungdomsrett. 88 prosent av desse får tilbod om førstevalet sitt.
300 ledige plassar
41 søkarar får tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Det gjeld søkarar som har rett til opplæring i nabofylke gjennom Hordalandsavtalen, og søkarar til tilbod som vi ikkje tilbyr i vårt fylke.
Ca. 160 søkarar med ungdomsrett står igjen utan tilbod om skuleplass etter førsteinntaket. Desse vil anten få tilbod om skuleplass i andreinntaket eller når skulane tar over inntaket frå 13. august, skriv
Det er om lag 300 ledige skuleplassar i fylket.
Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket frå 13. august.
Dette skjer vidare:
• 3. juli, melding blir sendt til alle søkarane – førsteinntak
• 12. juli, svarfrist førsteinntak
• 27. juli, melding om andreinntak
• 3. august, svarfrist andreinntak
• 13. august, skulane tek over inntaket
• 20. august, skulestart