Tjuven gøymde seg på Bunnpris etter stenging. Søndag vart han henta av politiet.

Dette bildet er frå innbrotet i 2017 på Bunnpris i Havreneset.

Dette bildet er frå innbrotet i 2017 på Bunnpris i Havreneset. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

For andre år på rad vert tjuven fanga på film.

DEL

Då dei tilsette på Bunnpris i Havreneset skulle stenge på fredag, var det ein person som ikkje hadde tenkt å forlate butikklokalet. Han gøymde seg medan dei butikktilsette sløkte lyset og lukka dørene. Deretter raska han med seg så mykje han klarte, før han drog av garde.

Innbrotet var oppdaga når dei tilsette kom på jobb laurdag, og eit knapt døgn seinare er saka oppklara. Det var overvakingskamera i lokale som sikra at politiet visste identiteten til gjerningsmannen.

– Han vart tatt søndag ettermiddag og har erkjent forholda, stadfestar stasjonssjef Wenke Hope ved Flora politistasjon.

Les også: Fanga innbrotstjuven på overvakingskamera

Det er det andre innbrotet hos Bunnpris på eit år. Også i mars 2017 vart innbrotstjuven tatt etter å ha blitt fanga på overvakningsfilmen frå lokalet. Den gongen prøvde gjerningsmannen å klippe over alle leidningane til overvakingskameraa i butikken for å unngå å bli kjent att, utan hell.

– Vedkommande er ein kjenning av politiet og har fleire tidlegare forhold på seg, seier politistasjonssjef Wenke Hope.

Les også: Melde seg for politiet etter innbrotet

Vedkommande er sikta.

Artikkeltags