Mann funnen omkommen i Bergen - politiet set funnet i samanheng med sakna 28-åring frå Førde

Foto:

Av

Dette opplyser politiet 13.57 søndag ettermiddag.

DEL

– Avdøde er ikkje identifisert og det blir sett i verk undersøkingar mot aktuell sakna person i området. Pårørande er orientert om funnet, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Mannen blei henta opp av Lille Lungegårdvann med bistand frå brannvesenet. Avdøde vil bli obdusert, skriv firda.no.

Oppdaga av forbipasserande

Operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Arve Samsonsen, opplyser at det ikkje var politiet som fann den omkomne.

– Vi rykte ut fordi vi fekk melding frå ein forbipasserande som oppdaga mannen i vatnet, seier Samsonsen.

Den omkomne er no teken hand om, og vil bli obdusert.

28-åring frå Førde sakna

Jøran Nikolai Åsnes frå Førde har vore sakna i Bergen sidan 17. februar. Han vart sist sett på ein tur på byen med venner. Sidan har det vore fleire leiteaksjonar i sentrumsområdet.

– Det er naturleg at vi undersøker samanhengen i og med at det har gått føre seg leiteaksjon i området. Derfor har vi orientert dei pårørande om funnet, seier Samsonsen.

Artikkeltags