Frå i dag av vert vêrvarselet frå Yr meir treffsikkert

Storm: Visit Fjordkysten meiner det ligg pengar i dårleg vêr. – Det er mange utanfrå som kunne tenke seg å komme hit og oppleve skikkeleg ruskevêr, meiner Anne Beate Ytterøy i Fjordkysten, spesielt kombinert med ekstra komfortabel overnatting.arkivfoto

Storm: Visit Fjordkysten meiner det ligg pengar i dårleg vêr. – Det er mange utanfrå som kunne tenke seg å komme hit og oppleve skikkeleg ruskevêr, meiner Anne Beate Ytterøy i Fjordkysten, spesielt kombinert med ekstra komfortabel overnatting.arkivfoto

Artikkelen er over 1 år gammel

Er du ein av dei som klagar over usikre vêrmeldingar frå Yr? No tek dei bruk private vêrstasjonar over heile landet for å gje deg eit meir sikkert varsel.

DEL

I tillegg til eigne vêrstasjonar og satellittbilde, får Meteorologisk institutt og vêrvarslingstenesta yr no tilgang til private vêrstasjonar. Det betyr meir treffsikre vêrvarsel. Resultata kan du sjå allereie frå i dag av.

– Uansett kvar du er, får du langt høgare detaljeringsgrad på vêrvarselet, fortel direktør Jørn Kristiansen for Senter for Utvikling av varslingstenesta ved Meteorologisk institutt til Aftenposten.

Til i dag har Meteorologisk institutt utrekna eit vêrvarsel for eit område på 2,5 gangar 2,5 kilometer. Med det nye systemet vert varselet brote ned på område éin gonger éin kilometer. Gjennom eit samarbeid med den franske produsenten Netatmo og norske, private vêrobservasjonar, får Meteorologisk institutt tilgang til data frå private stasjonar.

– Dette er særskilt nyttig i Norge, der vi har utfordrande kystlinje og topografi. Det kan vere varmt på toppen av fjellet og kjempekaldt i dalbotnen. Det er berre få stader i Norge der vi har observasjonar både i dalbotnen og på fjelltoppen. På slike stader bur folket gjerne i botnen av dalen, medan det er teppebomba med hytter oppover fjellsida. Det er godt potensial for å få inn ekstra observasjonar der, understrekar Kristiansen.

Meteorologisk institutt har per i dag ein stad mellom 200 til 300 stasjonar, samt at dei hentar data frå 300 andre stasjonar, derimellom frå Statens vegvesen. Med det nye samarbeidet aukar datagrunnlaget massivt, utan at den private aktøren Netatmo vil talfeste akkurat kor stor auken er.

– Så vidt vi veit er det her det første prosjektet verda over som tek i bruk vêrobservasjonar frå privatpersonar i denne graden, seier Kristiansen.

Artikkeltags