Tørkesommaren kan bli verre enn den i 1947

SUPERSOMMAR: Markus, Mikael og Mats Berntsen nyt varmen på Grotlesanden i Bremanger tidlegare i sommar.

SUPERSOMMAR: Markus, Mikael og Mats Berntsen nyt varmen på Grotlesanden i Bremanger tidlegare i sommar. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Tørken som har ramma Sør-Noreg, har så langt vorte sagt å vere den verste sidan 1947. Men rekorden ligg an til å bli slått, ifølge ekspertar.

DEL

Den 71 år gamle rekorden er kjent som den verste tørken i manns minne. Klassekampen skriv at det er for tidleg å konkludere med om 2018 vil gå forbi dette «uåret», men at månadane mai, juni og juli så langt i år er tørrare enn dei same månadene den gongen.

– Det er mykje tørrare så langt i sommar enn det var i 1947, som blir sett som den tørraste sommaren i dei årene det er gjort målingar, seier klimaforskar Ketil Tunheim ved Meteorologisk institutt til avisa.

Særleg tørt har det vore i Hedmark, Oppland og Møre og Romsdal.

– I desse månadene har det komme halvparten så mykje regn som i 1947, seier han.

Så langt i år har det vore tørrare enn i 1947 i alle fylke, unntatt i Akershus, der det har vore meir nedbør enn den gongen. I Østfold er situasjonen omtrent lik, mens det var vått begge åra i Nordland, Troms og Finnmark.

Konsekvensane av tørken i år ser òg ut til å bli verre enn i 1947. Høgskulelektor Thomas Cottis ved Høgskulen i Innlandet har gått gjennom avlingsstatistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB) og meiner at tørken i 1947 var moderat samanlikna med tørken i år.

– Tørken i 1947 hadde liten effekt på avlingane samanlikna med i år. Den totale avlinga i år blir truleg ikkje meir enn det halve av normalen, seier han.

John Andrè mista 85 prosent av avlinga på førsteslåtten 

Sjukdomsfrykt og elendig fiske i lakseelvane

Vi tømmer i oss alkohol i finvêret – sjå kva folk drikk mest av 

Artikkeltags