– Tysdag kan bli våtaste døgnet sidan jul

TYSDAG: På tysdag kan det kome opp mot 30 mm nedbør.

TYSDAG: På tysdag kan det kome opp mot 30 mm nedbør. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VERET:– På tysdag kan det kome 20-30 mm regn, melder meteorologen.

DEL

Natt til søndag kom det første ordentlige regnfallet sidan 14. juni. Meteorolog Arnstein Kjøstheim seier til Firda at vi kanskje har det tyngste regnfallet i fylket sidan jula 2017 i vente:

– På tysdag skal det kome mykje regn. I verste fall er det snakk om 8 mm, men i beste fall er vi oppe i 20-30 mm nedbør. Då må vi kanskje tilbake til jula 2017 før vi kan snakke om noko liknande.

Mange merka sikkert at det ausa ned i natt:

– På Sygna i Gaular vart det målt 10.7 mm natt til søndag.

Tørkesommaren kan bli verre enn den i 1947 

Denne sumaren har så langt lagt an til å bli den verste tørkesommaren i manns minne, som var i 1947. Klimaforskar Ketil Tunheim sa til Firda tidligare i juli at rekorden frå 1947 låg an til å bli slått.

– Det er mykje tørrare så langt i sommar enn det var i 1947, som blir sett som den tørraste sommaren i dei årene det er gjort målingar.

No kan det altså hende at den rekorden ryk.

Artikkeltags