Kolonnekøyringar, stengte fjellovergangar og snøras

HEMSEDALSFJELLET: Slik ser det ut på fjellovergangen klokka 08.45 søndag moron. Her er det no kolonnekøyring.

HEMSEDALSFJELLET: Slik ser det ut på fjellovergangen klokka 08.45 søndag moron. Her er det no kolonnekøyring. Foto:

Av
DEL

Dårleg vêr fører til stengde vegar og kolonnekøyring over fjellovergangane i Sogn og Fjordane.

– Alt skuldast vêret, konstaterer trafikkoperatør Hanne Norheim i Statens vegvesen til Firda.

På fv. 13 på Gaularfjellet kom det melding 06.30 søndag morgon melding om at det var mellombels stengt på grunn av snøras.

– Vegen er framleis stengt og blir det utover. Når det lysnar må vi sjekke ut om det er fare for nye ras og om ein kan rydde der, seier Norli. 

Søndag morgon blei fv. 50 Hol- Aurland stengt 06.30 og ein time seinare blei Vikafjellet stengt.

Det er kolonnekøyring fleire stader:

På rv. 52 Hemsedalsfjellet var det første stengt på grunn av uvêr, men så blei det frå omlag klokka 06.00 søndag morgon.  medan Haukeli følgde etter rundt halv seks, før Hardangervidda fekk kolonnekøyring klokka 06.00 søndag morgon.

Utanom fjellovergangane har ikkje Statens vegvesen fått særleg med meldingar frå Sogn og Fjordane.

– Folk har nok ikkje vakna enno, seier ho.

Artikkeltags