Trafikkulykke ved Jølstraholmen – to personar lettare skadd

DEL

På Twitter melder Vest politidistrikt klokka 14.20 laurdag at det har vore ein trafikkulykke på E39 ved Jølstraholmen. Ein personbil stansa ved eit overgangsfelt, men bilen bak klarte ikkje å stanse og køyrde dermed i bakenden på bilen føre.

Det var fem personar involvert, og dei har vore undersøkt av helsepersonell. Tre av dei er uskadd, medan to av dei er lettare skadd og blir køyrd til lokal legevakt for ein sjekk.

Vegen var stengd i nokre minutt, men klokka 14.30 opna dei det eine køyrefeltet, med manuell dirigering på staden i påvente av bilberging.

Rett før klokka 15.00 er vegen open for fri ferdsel, og begge køyretøy fjerna. Føraren av den bakarste bilen har gitt samtykke til at førarkortet blir kverrsett. Politiet vil opprette sak.

Artikkeltags