Sjå oversikt: Desse vegane er stengt

STENGT: Fleire små og store vegar i fylket er stengt, blant anna hovudfartsåra nordover, E39.

STENGT: Fleire små og store vegar i fylket er stengt, blant anna hovudfartsåra nordover, E39.

Etter ein kveld og ei natt med fleire jordras og store flaumar er fleire vegar i fylket stengt, inkludert vegen på begge sider av Jølstravatnet.

DEL

FIRDA: Etter ei hektisk natt melder Statens Vegvesen at ingen av vegane som er ramma av ras og flaum er opna. Desse vegane er stengt i Sogn og Fjordane:

  • E39 Skei – Førde er stengt på grunn av fleire ras og flaum
  • Fv 45, sørsida av Jølstravatnet ved Marteslåttane er stengt på grunn av 80 meter bredt jordras
  • Fv 13 ved Holsnes Skule er stengt på grunn av ras
  • Fv 691 ved Tverrelva bru mellom Hyen og Ommedal. Brua er skylt vekk av vassmassane.
  • Fv 615 Skarpsvoratunnelen i Hyen er stengt på grunn av flaum
  • Fv 610 ved Eldalsosen er stengt på grunn av fare for ras
  • Fv 13 Dragsvik – Eldalsosen er stengt på grunn av fare for ras

Klokka tolv vil Statens vegvesen gjere ny vurdering på om det er trygt å rydde vegane. Fv 609 ved Heilevang er òg stengt på grunn av fare for ras, her vil Vegvesenet gjere ei ny vurdering klokka ni, skriv Firda.

Tom Hansen, trafikkoperatør i Statens Vegvesen, fortel at omkøyring for å kome seg nordover er tråklete.

– Skal du nordover må du køyre om Fv 55, og ta ferja frå Dragsvik til Helle. Deretter køyrer du inn til Stedje, og tek Europaveg 5 innover mot Fjærland. Så må ein følge E5 til Skei, der ein kan køyre inn på E39.

Denne omkøyringa tek tre timar og tretti minutt.

OMKØYRING: Dette er ruta du må køyre for å kome deg til Skei i Jølster frå Førde. Omkøyringa tek tre og ein halv time.

OMKØYRING: Dette er ruta du må køyre for å kome deg til Skei i Jølster frå Førde. Omkøyringa tek tre og ein halv time. Foto:

Artikkeltags