Opent over Hemsedal

OPENT: Sjølv om det er vanskeleg å sjå, er det no opent over Hemsedalsfjellet. Fredag var alle fjellovergongar stengde, og det var kolonnekøyring på svært mange av dei heilt fram til laurdag føre- og ettermiddag.

OPENT: Sjølv om det er vanskeleg å sjå, er det no opent over Hemsedalsfjellet. Fredag var alle fjellovergongar stengde, og det var kolonnekøyring på svært mange av dei heilt fram til laurdag føre- og ettermiddag. Foto:

Fredag var alle fjellovergangar stengde for personbilar. No er dei fleste av dei opna att.

DEL

(Firda) Første kolonne gjekk over Hemsedal klokka 06.00 laurdag morgon. Korleis tidene vil bli framover er uvisst.

– Det varierer alt etter forholda der og då, og dei kan det vere ganske stor skilnad på, seier Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen laurdag morgon.

Sjølv om vêret ifølge Erikstad skal betre seg betrakteleg utover dagen, er det ikkje sett noko tidspunkt for når dei to fjellovergangane eventuelt opnar for fri fersdel.

– Det tar gjerne litt tid med opprydning for å få til to fulle breidder, seier han.

Noverande status for fjellovergangane:

Fv. 53 Tyin-Årdal: Åpent.

Rv. 52 Hemsedal: Åpent.

E16 Filefjell : Åpent.

Rv. 15 Strynefjell: Åpent.

Rv. 13 Vikafjell: Stengt, ny vurdering søndag kl. 11:00.

Rv. 7 Hardangervidda: Kolonne frå klokka 17:30.

Fv. 50 Hol-Aurland: Åpent.

E134 Haukeli: Kolonne.

Artikkeltags