Fleire elver gjekk over breiddene i Olden – 25 personar vart evakuerte

EVAKUERER: Klokka 22.15 melde politiet at det var starta evakuering i Olden etter at fleire elver hadde gått over breiddene. Det skal vere rundt 40 hus i området, ifølge politiet.

EVAKUERER: Klokka 22.15 melde politiet at det var starta evakuering i Olden etter at fleire elver hadde gått over breiddene. Det skal vere rundt 40 hus i området, ifølge politiet. Foto:

På det meste var 25 personar evakuerte. Måndag morgon fekk dei returnere til heimane sine.

DEL

(Firda) Politiet melde klokka 22.15 søndag kveld at fleire elver gjekk over breiddene sine på fylkesveg 60 i Olden i Stryn. Vegen var då stengd mellom Oldeleva og Simaelva. Brannvesen kom først til staden og starta evakuering saman med politiet.

Folk vart evakuerte frå området, og på det meste var talet 25.

SISTE: Ein geolog og politiet har måndag undersøkt området. Det er no vurdert at vegen kan opnast att, og at dei evakuerte kan returnere til heimane sine.

Mannskap frå Røde Kors som vart sendt til staden søndag, vart dimittert natt til måndag, men dei er i beredskap like i nærleiken og vil bli nytta ved behov, melder politiet. Samme status gjelder for brannmannskap i området og helsepersonell.

Gjennom natta har mannskap frå Sivilforsvaret og frå Statens Vegvesen vore på staden og bistår med avsperring av det evakuerte området.

40 hus i området

Søndag vart mannskap frå Røde Kors sendt inn med båt, og nokre av dei evakuerte vart innlosjerte til kafeen i Olden. Talet evakuerte steig, og ved midnatt opplyste VG at talet var om lag 24 personar.

Firda fekk tidlegare opplyst av Operasjonsleiar Per Algrøy i politiet at det er ca 40 hus i området som er evakuert.

– Det er også ein campingplass i området, Nesset Fjordcamping. Den kjem vi til å evakuere. Kor mange det blir totalt kan eg ikkje seie no, vi får ta det litt etter kvart, seier operasjonsleiaren.

Like etter klokka 23 var også Nesset Fjordcamping i ferd med å evakuerast, melder politiet. Kor mange som var på campingplassen hadde politiet då ikkje oversikt over.

Fleire stengde vegar i området

Fylkesveg 60 mellom Stryn og Byrkjelo er stengd ein kilometer frå Oldebukta og mot Innvik.

Også fylkesveg 724 Olden - Briksdalen, fylkesveg 723 Lodalen og fylkesveg 722 Storesund - Flo var natt til måndag stengde på grunn av fare for flaum og ras. Sistnemnde veg var opna att måndag morgon.

– Krevjande vêr

Det var meldt oransje farenivå på både flaum- og skredfare i området søndag. Måndag morgon var dette nedjustert til gult nivå: Moderat fare.

– Det er tidleg med ein storm av dette kaliberet, både med vind og dei nedbørsmengdene som har komme. Det er sjeldan med oransje varsel på jordskred og flaum. Det er eit krevjande vêr, sa Brigt Samdal, regionsjef i NVE til Firda tidlegare søndag kveld.

Aldri sett så mykje vatn

Dagbladet har snakka med Endre Muri som har drive Alda Camping i Olden i fire-fem år. Han har aldri sett så store vassmengder som søndag kveld.

– Eg var på campingen tidlegare i kveld. Det var reine symjebassenget. Vi får sjå korleis det blir når dagslyset kjem, men det ser ut til å vere store skader, seier Muri til Dagbladet.

Har sett krisestab

Kommunen sette krisestab rett før klokka 22.

– Vi er no i ferd med å samle kriseteamet på rådhuset. Vi er oppmoda om å bistå i evakuering av folka våre i Olden, og stille hjelp til disposisjon for dei, seier Rune Hovde som er rådmann i Stryn kommune til VG.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags