UP varslar storkontroll

KONTROLL: Neste veke er det ikkje umogleg at UP vil måle hastigheita di.

KONTROLL: Neste veke er det ikkje umogleg at UP vil måle hastigheita di. Foto:

Neste veke bør du følge ekstra godt med på speedometeret ditt. Utrykningspolitiet skal gjennomføre ekstra mange fartskontrollar over heile landet.

DEL

Drammens Tidende: Kontrollane er ein del av ein omfattande europeisk aksjon.

– Både vi i Utrykningspolitiet og politidistrikta kjem difor til å gjennomføre fartskontrollar på veldig mange vegar, seier UP-sjef Runar Karlsen.

Og kontrollane vil finne stad til alle døgnets tider.

Han viser til statistikk som viser at nesten halvparten av dei mest alvorlege ulykkene er forårsaka av for høg hastigheit.

– Derfor er det viktig å få ned farten på vegane. Vårt tiltak, og det beste tiltaket, er mange fartskontrollar slik at ein aldri veit om ein blir kontrollert av politiet, seier Karlsen til UPs eiga Facebook-side.

Artikkeltags