Trafikkulykke ved Havikbotn: – Køyrde i bilen framfor seg

Ulykke ved Havikbotn på Rv5.

Ulykke ved Havikbotn på Rv5. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det stadfestar Inge Gjesdal ved Alarmsentralen i Florø.

DEL

– Det har skjedd ei trafikkulykke ved Havikbotn i Florø. To bilar er involvert i ulykka, stadfestar vaktleiaren ved Alarmsentralen.

Både brann, helse og politiet rykka ut 15:52. Innsatsleiar for brann stadfestar at det ikkje skal vere snakk om alvorleg personskade som følge av ulykka. Ein person er sendt til legevakta for sjekk.

Det er to køyretøy involvert og fem personar, skriv politiet på Twitter.

Det var ein kraftig samanstøyt då ein bil trefte bakenden på bilen framfor seg. Fronten på den bakarste bilen er øydelagt.

Det var ein stund manuell dirigering på Rv5 ved Havikbotn medan ein venta på bilbergar, men no er det igjen fri ferdsel i begge køyreretningar.

Artikkeltags