Åtte lam tekne av ulv i Naustdal

Artikkelen er over 1 år gammel

Fylkesmannen har no gitt grønt lys til å felle ulven.

DEL

– Det første eg såg var eit lam med store skadar og såg nyslakta ut. Eg trudde det hadde hengt seg fast i gjerde eller noko, men så dukka det opp fleire, seier Odd Arne Hamre til NRK om synet som møtte han på Hystølen denne veka.

Til saman fann dei etter kvart fire lam og ein sau som var drepne, i tillegg til fire lam som var så hardt skadd at liva ikkje stod til å redde. Statens naturoppsyn har undersøkt dyra og komne fram til at det er ein ulv som er syndaren. No har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gitt fellingsløyve på ein ulv i perioden mellom 8. juli og 16. juli.

Fylkesmannen skriv i grunngjevinga for løyva at skadepotensialet er stort, sidan det er tidleg i beitesesongen og totalt 6000 lam og sau er på beite i kommunen.

Artikkeltags