Trafikkulykke i Eikefjord

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Politiet melder om ei trafikkulykke i Eikefjord.

DEL

Det er ukjent kva som har skjedd, og kor alvorleg ulykka er. Politiet melder at alle naudetatar er på veg.

– Det er snakk om ein person som har fått eit illebefinnande. Det er snakk om mindre materielle skader, seier operasjonsleiar Hans Erik Thue ved Vest politidistrikt til Firda.

Klokka 12.15 var ambulansen framme på staden. Personen i bilen får hjelp av ambulansepersonell.

Det skal vere snakk om mindre materielle skader.

Vegtrafikksentralen vest melder at det er redusert framkommelegheit forbi ulykkesstaden.

Artikkeltags