Meir enn tredobling av trafikkdrepne i september

Artikkelen er over 1 år gammel

17 personar omkom i september-trafikken.

DEL

Statens Vegvesens førebelse tal viser ein nedslåande status: 17 personar omkom i september-trafikken, noko som er meir enn ei tredobling i høve same månad i fjor, då fem personar omkom. Så langt i år har 80 personar omkomme på vegane, og det er også åtte fleire enn på same tid i fjor.

- Det har vore ein blytung månad for trafikktryggleiken. Det er tungt å ta innover seg, seier vegdirektør Terje Moe.

Han synes det er forferdeleg at så mange liv har gått tapt.

- Dette er langt meir enn tal og statistikk. Vi snakkar om menneske, skjebnar, familiar, etterlatne og berørte lokalsamfunn.

September fekk den verst tenkelege starten då fem personar omkom i ei veteranbilulukke på Rjukan den 2. september.

Så langt i år har 80 personar omkomme på norske vegar, mot 72 på same tid i fjor. Det er flest trafikkdrepne i Hordaland - så langt har ni personar omkomme der. I Rogaland, Akershus og Telemark har sju mist livet, medan det har vore seks dødsulukker på vegane i Aust-Agder.

Finnmark er fylket som skil seg positivt ut - her har ingen omkomme på vegane så langt i 2018.

Det er møte- og utforkøyringsulukker som dominerer statistikken både i september og resten av året som har gått.

Artikkeltags