Framleis fleire stengde fjellovergangar søndag

STENGT: Over Vikafjellet kjem du deg ikkje over søndag morgon.

STENGT: Over Vikafjellet kjem du deg ikkje over søndag morgon. Foto:

Av

Over fjellet i dag? Då kan du møte stengte vegar.

DEL

Fleire fjellovergangar er søndag framleis stengt på grunn av dårleg vêr. Det melder vegtrafikksentralen ifølge Firda.

Rv. 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av dårleg vêr, det same gjeld fv.- 50 Hol- Aurland.

På fv. 53 Tyin - Årdal er det også stengt på grunn av uvêr.

Over Hemsedal er det kolonnekøyring. På E16 Filefjell var det styrt trafikkavvikling laurdag, men no er det fri ferdsel att.

På ferjeruta Mannheller- Fodnes måtte dei laurdag innstille ei rute grunna vêret, men søndag morgon kan dei melde om at trafikken går som normalt att.

Hos Vegtrafikksentralen har det relativt lite å melde søndag morgon, anna enn at dei har fått melding om glatt veg mellom Askvoll og Førde, fortel trafikkoperatør Lise Kristoffersen.

Artikkeltags