Uvêr herjar i fjellet, det gir konsekvensar for trafikken

DEL

Fleire fjellovergangar i fjellet er anten stengde eller det er innført kolonnekøyring.

Det melder vegtrafikksentralen onsdag morgon.

Hol-Aurland og Hardangervidda er stengd.

Tyin-Årdal har vore nattestengd og skal etter planen opne klokka 08.00.

– Men det er veldig stygt vêr, så det er ikkje sikkert vegen kan opne, seier Monica Øksengård i vegtrafikksentralen til Firda.

På Hemsedalsfjellet er det no nyleg innført kolonne.

Her kan du følge dei oppdaterte trafikkmeldingane frå Statens vegvesen.


Artikkeltags