Dumpers har køyrt utfor på riksveg 5

DEL

(Firda) – Vi har nyleg fått varsel om saka. Vi har fått det meldt inn som ei arbeidsulykke, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Ifølge ein tipsar som ringde Firda har det vore ei ulykke med ein hjullastar ved Sæterlid i Flora kommune, mellom Eikefjord og Naustdalstunnelen.

Det er ei stund sidan hendinga skjedde, men politiet kan ikkje så langt seie noko eksakt tidspunkt.

– Vi fekk melding via andre naudetar i etterkant av hendinga, etter at føraren av dumparen hadde fått behandling av helsevesenet. Dermed veit vi ikkje så mykje enno. Politiet snakkar med den skadde no i ettermiddag, og før vi har fått gjort det veit vi ikkje så mykje meir om kva som har skjedd. Vi har som sagt fått melding om at ein dumper har velta, og at det er snakk om eit arbeidsuhell, så eg reknar med dumparen jobba i området. seier Hausvik.


Artikkeltags