La dama køyre - bulkeveka er i gong

Mange gjer skade på bilen sin i denne søte førjulstid.

Mange gjer skade på bilen sin i denne søte førjulstid. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er rådet frå Tryg Forsikring.

DEL

Siste veka før jul er alltid ei av årets travlaste, noko som også viser
på statistikken over trafikkulukker: I tilsvarende veke i fjor kolliderte vi for
over 200 millioner kroner, viser tal frå Finans Norge.

— Det er god grunn til å tru at det blir minst like ille i år. Julaftan fell
på ein måndag, noko som betyr at folk vil vere i handlemodus heile helga. I dagane før jul i fjor small det tett oppunder 2000 gongar kvar einaste dag, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring.

Kvart einaste år er bitte lille julaftan, 22. desember, blant dei verste
ulukkesdagane i trafikken. I fjor inntraff 1.993 trafikkulukker denne dagen til
ein kostnad på over 37 millionar. Det er desidert flest menn som sit bak
rattet når det smell, og det toppar seg frå klokka 12 og utover.

— Mannlege sjåførar er representerte i nær dobbelt så mange ulukkestilfelle som kvinner. Difor oppmodar vi kvinner om å køyre viss ein kan velje. Statistisk er verstingen ein mannleg bilførar i alderen 35 til 50 år, seier han.Han legg til at det nok er mange fleire mannlege sjåførar enn kvinnelege, men at det likevel er nærliggande å anta at kvinner generelt er flinkare å behalde roa bak rattet.

Den siste veka før jul i fjor var det 11.642 trafikkulukker som medførte
erstatningsbeløp for over 216 millioner kroner. Det var flest eineulukker;
ulukker der det berre er ein bil involvert. Deretter følger påkøyrsler bakfrå,
kollisjonar i kryss, ryggeulukker og påkøyrsle på parkerte køyretøy. Antallet
bulkeulukker er langt over normalen.

– Om ein ønsker å unngå det verste julerushet kan det sjå ut som ein bør oppsøke kjøpesentera tidleg på morgonen eller seint på kvelden. Det er også lurt å rygge inn når ein parkerer. Då har ein best oversikt når ein skal ut igjen, seier Brandeggen.

Artikkeltags