Framleis fleire stengde vegar søndag kveld: – Hald deg heime om du ikkje må ut å køyre

NYE RAS: Laurdag kom det nye ras på E39 i Jølster.  No blir det rydda.

NYE RAS: Laurdag kom det nye ras på E39 i Jølster. No blir det rydda. Foto:

Ei rekkje vegar er stengde på grunn av flaum og ras søndag kveld.

DEL

(Firda) Statens vegvesen melder om følgande stengde vegar søndag.

– Det er meld aukande nedbør utover dagen, så hald deg heime om du ikkje må ut å køyre, seier vegavdelingsdirektør Svenn Egil Finden i ei pressemelding søndag ettermiddag.

Desse vegane er stengde søndag:

Ferjestrekninga Anda - Lote på E39 var i nokre timar innstilt på grunn av uvêr. Litt etter klokka 23 var ferjesambandet tilbake i normal drift.

B-ruta på ferjestrekninga Mannheller - Fodnes er innstilt på grunn av uvêr. Rute A held fram.

Klokka 21.20 var stoda slik på desse vegane:

Fv. 8 Åkre, på strekninga Oppedal – Hest: Stengd på grunn av fare for ras. Omkøyring via fv. 92, Stordalen. Blir ikkje opna søndag, ny vurdering måndag klokka 15.

Fv. 50 Hol – Aurland: Opna klokka 16 etter å ha vore stengd på grunn av ras.

Fv. 55 Sognefjellet: Stengd på grunn av uvêr.

Fv. 57 Ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg: Ferjesambandet startar opp igjen etter uvêret klokka 21.15.

Fv. 92 Vikøyri - Framfjorden på strekninga Nese - Vikøyri: Stengd på grunn av fare for ras. Blir ikkje opna i dag. Ny vurdering kl. 08.00 måndag.

Fylkesveg 92 Arnafjord kyrkje - Framfjorden, forbindelseveg på strekninga Nese Arnafjord: Stengd på grunn av fare for ras. Blir ikkje opna søndag.

Fv. 243-Nyheim- Lærdal: Lærdalsfjellet er stengt på grunn av uvêr.

Fylkesveg 258 Videsæter bom Langvatnet - på gamle Strynefjellsvegen: Stengd på grunn av vanskelege køyreforhold.

Fv. 331 Urnes – Skjolden: Var stengd, opna for trafikk frå klokka 18.

Fv. 451 Kjøsnes – Vassenden: Stengd på grunn av flaum. Blir ikkje opna søndag. Vegen er stengd mellom Strand og Myklebust.

Fv. 601 Melhus, på strekninga Langhuso- Undredal. Stengt på grunn av steinras.

Fv. 606 ferjestrekninga Losna-Krakhella: Ferjesambandet er innstilt.

Fv. 609 Heilevang, på strekninga Askvoll – Førde: Stengt på grunn av fare for ras. Ny vurdering måndag klokka 07.30.

Fv. 615 Tjøtaelva, på strekninga Storebru – Sandane: Opna 12.30.

Fv. 616: Endal, på strekninga Smørhamn – Isane: Oppryddingsarbeid starta klokka 18. Opna for trafikk.

Lokalbåt Solund/Gulen: Grunna dårleg vêr blir lokalbåtruta Mjømna-Nåra-Mjømna innstilt, melde Fjord 1 søndag klokka 16.00.

Ortnevik - Nordeide: På grunn av ekstra anløp vil det frå 17.30 og ut søndag bli forseinkingar i ruta.

I tillegg har ferjesambandet Lavik - Oppedal på E39 redusert kapasitet på grunn av spesialtransport frå søndag 19.30 til måndag 09.50.

Her kan du følge vegvesenet sine trafikkmeldingar.


Artikkeltags