Vogntog tok til å brenne i Gudvangatunnelen

BRANN: Vogntog tok til å brenne i Gudvangatunnelen natt til laurdag.

BRANN: Vogntog tok til å brenne i Gudvangatunnelen natt til laurdag. Foto:

Av

32 menneske måtte evakuerast.

DEL

Klokka 03.39 fekk naudetatane melding om at det brann i eit vogntog i Gudvangatunnelen.

Det var vedlikehaldsarbeid i tunnelen og kolonnekøyring.

Ei kolonne med 3 vogntog var ca. 1500 meter inne tunnelen då eitt av vogntoga begynte å brenne.

Det skriv Firda

32 evakuerte

– Dei tre sjåførane er evakuerte. Dei har pusta inn ein del røyk og blir undersøkt av helse, opplyste politiet like før klokka 05.00.

29 arbeidarar som var i tunnelen er også evakuerte. Dei har pusta inn røyk og er undersøkt av helse.

Politiet melde omkraftig røyk frå tunnelen i morgontimane. Brannvesen frå Voss var i ferd med å gå inn i tunnelen frå Gudvangen litt før klokka 05.00. Då var det ikkje forsvarleg å gå inn frå Aurland-sida.

Fekk kontroll på brannen

Klokka 05.30 hadde brannvesenet kontroll på brannen. Grunna høg varmeutvikling var det fare for nedfall frå tunneltaket. Det var også kraftig røyk frå vogntoget.

Klokka 05.43 var heile tunnelen og dei tre vogntoga søkt gjennom. Det vart ikkje funne fleire personar i tunnelen.

Totalt vart 32 personar evakuerte. 26 av dei vart redda ut på Gudvangen-sida.

– Tunnelen blir neppe opna på ei god stund. Det er store skadar i tunneltaket, melder Vegtrafikksentralen.

– Traileren heilt utbrent

Klokka 08.25 seier vakthavande Oddbjørn Aune på Alarmsentralen til Firda at brannvesenet held på med ettersløkking.

– Mannskapet frå Voss har returnert for ca 50 min. sidan. No er det brannvesenet frå Aurland som held på med litt ettersløkking. Traileren er heilt utbrent, seier han.

Anbefalt omkøyring:

  • Rv. 13 Voss-Granvin
  • Rv. 7 Hardangervidda
  • Fv. 50-Hol/Aurland
  • E39 Bergen-Lavik-Oppedal
  • Fv 55 Dragsvik-Hella

Artikkeltags