Taretråling øydelegg ikkje for fisken, seier Havforskinga

TARETRÅLING: Taretråling vest av Grotle i Bremanger. Arkiv.

TARETRÅLING: Taretråling vest av Grotle i Bremanger. Arkiv. Foto:

Men det er ikkje fiskarane einige i.

DEL

Konklusjonen i ein rapport frå Havforskingsinstituttet er at taretråling har avgrensa innvernad på fisken, melder NRK Sogn og Fjordane.

Faggruppeleiar ved instuttet, Frithjof Moy, seier at trålinga berre har effekt på seks prosent av tareskogen i området, slik at sjølv om fiskeyngelen blir redusert med 75 prosent i trålgatene, så er den samla effekten liten. Moy seier at rapporten blir send vidare til Fiskeridirektoratet, som skal lage ein nasjonal modell for kor mykje som kan haustast.

Fiskarar i område der det blir tråla etter tare, har vore urolige for konsekvensane lenge. Mellom anna har Bremanger Fiskarlag kravd eit forbod mot taretråling i Bremangerpollen. I 2016 valde taretrålnæringa å etterkomme fiskarane sitt ønskje om at dei måtte utsette trålinga til etter beste gytetida for torsken.

No er fiskar Ola Austring i Selje uroa over om rapporten vil bli brukt til å auke trålinga.

– Den blir nok brukt for det den er verdt hos dei som driv med tråling, seier han, og etterlyser meir forsking:

– Dette er så viktig at det må forskast på over lengre tid og i fleire område.


Artikkeltags