Sykkeltjuv fekk saftig bot då politiet ferska han: – Bota kosta like mykje som ein ny sykkel.

Artikkelen er over 1 år gammel

Det fortel stasjonssjef Wenke Hope ved Flora politistasjon.

DEL

Det var klokka kvart over ti søndagsmorgon at politiet fekk melding om eit sykkeltjuveri i Florø sentrum. Det tjuven kanskje ikkje rekna med var auga som følgde med då han freista seg til å trille av garde med nokon andre sin sykkel.

Politiet fekk tips frå vitna og drog heim til mannen. Der stod sykkelen pent parkert.

– Saka er både oppklart og avgjort. Juristen gav han eit førelegg på 5000 kroner, noko han har godtatt. Hadde han ikkje stole den sykkelen, kunne han kjøpt seg ein heilt ny, humrar stasjonssjefen.

Sykkelen vart levert attende til den rettmessige eigaren same dag.

Artikkeltags