Berusa mann virka truande og prøvde å slå personar på fest

DEL

00:20 vart det meldt frå politiet om ein mann på ein privat fest i Svelgen, som virka truande. Mannen skal ha prøvd å slå til fleire av dei andre på festen.

– I det politiet kom til staden, hadde gjestane fått kontroll på mannen, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Mannen skal vere i 30-åra, medan den som vart fornærma er i 20-åra, opplyser Morten Rebnord, operasjonsleiar ved vest politidistrikt, til Firda.

– Vi har oppretta sak. Mannen er mistenkt for vald og kroppskrenkelse, seier Rebnord til Firda.

Det vart ingen skada på festen, og mannen vart tatt inn av polititet.

Artikkeltags