Navarsete grilla justisministeren om politireforma og operasjonssentralen

Liv Signe Navarsete brukte spørjetimen denne veka til å spørre ut justisministeren om politireforma.

Liv Signe Navarsete brukte spørjetimen denne veka til å spørre ut justisministeren om politireforma. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

I spørjetimen i Stortinget onsdag tok Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet justisminister Per Willy Amundsen for seg.

DEL

Politiets operasjonssentral i Florø vart lagt ned og flytta til Bergen for ein felles operasjonssentral i Vest politidistrikt i starten av november. Erfaringane etter vel ein månad i drift har ikkje vore berre positive, og i spørjetimen i Stortinget på onsdag nytta Senterpartiet høvet til å spørje justisministeren fleire spørsmål om nedlegginga og politireforma.

Betre enn før?

Liv Signe Navarsete var i støyten og retta følgande spørsmål til justisminister Per Willy Amundsen:

– Det skulle bli betre frå dag éin med ein ny og større operasjonssentral. Politiets Twitter-konto er viktig for å opplyse innbyggarane og media om ulykker, hendingar, og det kan også vere førebyggande med meldingar om både farts- og promillekontroll. Men natt til laurdag 2. desember var det ingenting lagt ut sidan torsdag 30. november. Det var to trafikkulykker og ein kvinne var sakna, og fleire forsøkte å få tak i politiet. Så ringer de Florø brannsentral og får omgåande svar. Kan innbyggarane sjå på dette som ein betre teneste enn før?

Amundsen lét seg ikkje vippe av pinna. Han avviste at tenesta har blitt dårlegare for innbyggarane.

– Det er mogleg at alt var betre før i Senterpartiets verd. Eg meiner det er gode grunner til at vi gjer desse endringane. Vest politidistrikt opplyser om at den faglege støtta til patruljemannskapa, samhandlinga med naudetatane i Sogn og Fjordane, og i akuttfasen har fått ein vekst, og politidistriktet opplyser sjølv på bakgrunn av at tilbakemeldingane frå folk, at ein har ein god teneste.

Ikkje på det nivået det har vore

Men Navarsete var ikkje ferdig. Ho heldt fram med å sitere kommunikasjonssjef i Vest politidistrikt Arne Lutro.

«Innbyggarane og media har vore vant med å få raskare svar enn det operasjonssentralen i Bergen har kapasitet til å gi. Det blir nok ikkje på det nivået det har vore, men det skal bli så godt at det blir tilfredsstillande".

– Kvifor informerte statsråden om at det skulle bli ein betre teneste for folk i Sogn og Fjordane, og unnlét å fortelje om fakta frå Vest politidistrikt?

Det spørsmålet svarte ikkje Amundsen direkte på. Han åtvara i staden mot å referere til det han kalla for enkelthendingar i media, og viste til at Vest politidistrikt hittil i 2017 har auka med 21 årsverk, der dei fleste er politiutdanna personell.

– Det er ein grunn til at vi gjennomfører politireforma, og det er fordi vi treng eit anna politi enn det vi hadde. Vi treng eit politi som er i stand til å handtere eit meir komplisert kriminalitetsbilde.

Naustdølen Sigbjørn Gjelsvik hadde også spørsmål til statsråden om finansieringa av politireforma. Du finn både spørsmål og svar i denne videoen. Navarsetes spørsmål kjem etter 2.56.51 og Gjelsvik sitt spørsmål følger etter det.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken