Glatt over alt i Sunnfjord. Fleire fjell er stengde

GLATT: Slik såg det ut på Hemsedalfjellet like før klokka ti søndag. Det skal bli verre utover dagen.

GLATT: Slik såg det ut på Hemsedalfjellet like før klokka ti søndag. Det skal bli verre utover dagen. Foto:

Filefjell er beste det beste alternativet om ein skal frå aust til vest eller vest til aust i dag. På Hemsedal blir det truleg kolonne. Uansett bør du vere forsiktig om du skal på tur. Det er glatte vegar i heile Sunnfjord.

DEL

(Firda) – Vi begynte å få meldingar om glatt veg klokka halv sju i dag. Då var det meldingar frå vegen mellom Førde og Sande, seier John Andreas Omdal ved vegtrafikksentralen.

Utover morgonen kom det også meldingar frå fv. 57 mellom Sande og Dale, på E39 mellom Skei og Byrkjelo.

Frå klokka ni kom det meldingar om at det ikkje var brøyta rundt Sande, og på fv. 615 mellom Hyen og Sandane.

Ifølge Omdal er det flest meldingar frå indre Sunnfjord, men også i ytre er det glatt. Mellom anna har det komme fleire meldingar om glatt veg på 609 mellom Askvoll og Førde.

Det kan verke som folk har høyrt på åtvaringa som kom frå Vegvesenet i går, for ifølge Hans Kristian Akse i Førde Bilberging er det lite å gjere.

– Det er heilt stille. Det siste oppdraget hadde vi i sekstida i dag tidleg. Elles har det ikkje vore noko det heile tatt i dag.

Truleg kolonne over Hemsedal

– Vi har ikkje fått meldingar om uhell, men det snør ganske godt. Når det er ei blanding av snø og sludd, så skal det ikkje gå mange minuttane før det legg seg kvitt på vegen. Entreprenøren kan ikkje vere to minutt unna til ei kvar tid, dei har ruter dei skal køyre, så det kan rekke å bli kvitt og glatt, seier Omdal.

I fjellet er det fleire stengde vegar i dag, og situasjonen vil bli verre utover dagen.

– Vegen over Filefjell er open. Her er det laber bris og det er ikkje meldt verre utover dagen, så eg reknar med den er trygg om ein skal over fjellet, seier Omdal.

Dei andre fjellovergangane er det verre med. Skal ein over Hemsedal bør ein vere tidleg ute. Her er det allereie meldt om glatte parti.

– Entreprenøren har kolonnevakt i beredskap. Enn så lenge er det ope, men eg mistenker at det blir kolonne seinare. Det er meldt verre vêr, seier Omdal.

Også ferjesamband har problem i dag. Ferja som går Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella vil ikkje legge til ved Losna på grunn av dårleg vêr.

Fjellovergangane

Filefjell: Vegen er open. Her er det laber bris, og det ser ikkje ut til at det blir verre utover dagen. Tryggaste vegen om du skal aust-vest, meiner vegtrafikksentralen.

Hemsedal: Det er glatte parti på vegen. Vinden blæs kuling og det snør. Vêret skal bli verre og det blir truleg innført kolonne i løpet av dagen.

Gaularfjellet: Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering måndag klokka ni.

Vikafjellet: Kolonnekøyring.

Strynefjellet: Vegen kan bli stengd på kort varsel. Det er stiv kuling og snøvêr.

Hol-Aurland: Her er det kraftige snøbyer, og det kan bli kolonnekøyring på kort varsel.

Tyin-Årdal: Vegen er stengd ved Holsbru. Omkøyring via Lærdal.

Hardangervidda: Kolonnekøyring.

Haukelifjell: Kolonnekøyring.

Sognefjellet: Vart vinterstengt 6. desember.

Artikkeltags