Ho skulle svinge mot Florø i krysset på Grov. Då såg ho ulv i vegkanten.

PÅ POST: Då Firdaposten var på Grov stod fleire jegerar på post rundt om langs vegen, som her ved krysset på Grov. Her vart det observert det som kan vere ein ulv.

PÅ POST: Då Firdaposten var på Grov stod fleire jegerar på post rundt om langs vegen, som her ved krysset på Grov. Her vart det observert det som kan vere ein ulv. Foto:

Det er meldinga Statens naturoppsyn (SNO) fekk klokka 11 fredag føremiddag. No gjer dei søk.

DEL

– Eg fekk meldinga klokka 11 og varsla Fylkesfellingslaget. Dei er på plass, stadfestar regionansvarleg for rovvilt Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn (SNO) til Firdaposten.

Arve Aarhus er leiar i Fylkesfellingslaget. Han stadfestar at søk pågår.

– Ei dame kom køyrande frå Svelgen. I krysset på Grov svinga ho mot Florø, der ho er heilt sikker på at ho såg ein ulv på sørsida av riksveg 5, fortel Aarhus.

Kjem sporande hundar

Når laget får slike meldingar er det om å gjere å få folk på plass så raskt som råd.

– No må vi sjekke ut observasjonen. Det er eit lag ute og leitar i terrenget. I tillegg er det sporande hundar på veg frå Førde. Vi leitar etter ferske spor og håpet er at hundane skal finne eit spor dei ønskjer å følge. Deretter legg vi opp løpet kontinuerleg, seier han.

Gav fellingsløyve i dag

Tysdag vart det funne eit drept lam i Guddal i Sunnfjord, og Fylkesmannen har gitt fellingsløyve på ein ulv. Politikarane har vedteke at det ikkje skal vere rovdyr i fylket. Løyva gjeld frå og med fredag. Men løyva som var gitt fredag morgon gjaldt Fjaler og Hyllestad, og delar av Høyanger og Gaular.

- Fylkesmannen har gitt klarsignal over telefon til å gjelde også dette området i Flora, seier Arne Aarhus.

Han er leiar for jaktlaget på 25 personar som er utnemnt.

Funne dødt lam i Guddal

Tysdag vart det denne veka funne eit dødt lam i Guddal. Statens naturoppsyn (SNO) vurderte skadane til at det var ulv som hadde gjort det. Golf utelukkar at det kan vere snakk om to ulv i fylket.

– Ulven kan ha flytta seg mellom desse to områda, når vi ser på tid og stad, seier han.

Artikkeltags