Forskarar vil vite om nordmenn føretrekk sommertid eller vintertid

HER KJEM VINTEREN: No kjem den kalde fine tida. Natt til søndag må du hugse å stille klokke ein time bakovoer.

HER KJEM VINTEREN: No kjem den kalde fine tida. Natt til søndag må du hugse å stille klokke ein time bakovoer. Foto:

Av
DEL

Ordninga med sommartid kan stå for fall. No vil forskarar høyre kva nordmenn meiner om saka og om fleirtalet helst ønskjer sommartid eller vintertid året rundt.

Natt til søndag klokka 3 må klokka igjen stillast tilbake til vintertid i Norge og over 70 andre land. Men vekslinga mellom sommartid og vintertid kan snart vere over i Europa. I EU diskuterast no eit forslag om å gå bort frå systemet. Det er uklart kva Norge kjem til å gjere. Ei forskingsgruppe ved Universitetet i Bergen ønsker nå å undersøke kva nordmenn meiner.

– Vi veit at meiningane er delte. Mange er forbanna over forslaget om å avvikle sommartid, medan andre synest det er kjempebra. No vil vi vite kva fleirtalet meiner, seier professor Bjørn Bjorvatn ved Universitetet i Bergen til NTB.

Bjorvatn er leiar for Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdomar og er ansvarleg for undersøkinga. Han håper så mange som mogleg vil gå inn på lenka www.sovno.no for å seie kva dei meiner.

– Vi håper at meir enn 20.000 nordmenn vil svare på undersøkinga. Jo fleire svar, jo lettare blir det å konkludere når det gjeld kva nordmenn meiner, seier Bjorvatn.

Då EU gjennomførte ein tilsvarande undersøking i 2018, svarte 84 prosent at dei ønska å skrote sommartida.

Vil sjå på geografiske forskjellar

Dei som svarer, vil få ein automatisk tilbakemelding om dei fell inn under gruppa A- eller B-menneske. Om det er nokon forskjell i preferansar mellom dei to gruppene, er ein av dei tinga forskarane vil undersøke.

Forskarane er også spente på om undersøkinga kan avdekke geografiske forskjellar.

– Det er jo stor forskjell på når solen står opp om morgonen og når den går ned om kvelden avhengig av kor du bor i landet. Mellom for eksempel Øst-Finnmark og Bergen kan det jo vere mange timar forskjell avhengig av årstid, og også mellom Oslo og Bergen er det nærmare ein halvtimes forskjell. Dette kan godt ha betydning for kva man føretrekkjer av sommartid eller vintertid, men dette er ikkje tidlegare undersøkt, seier Bjorvatn.

Ventar på EU

Forskargruppa meiner undersøkinga vil gi nyttige svar som kan brukast når styresmaktene skal ta stilling til om Norge skal fortsette eller slutte med å veksle mellom sommar- og vintertid.

Norges tidsminister, næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), har også varsla at regjeringa vil sende spørsmålet ut på høyring.

Han seier norske styresmakter nå ventar på behandlinga i EU. EU-kommisjonen har foreslått å gå bort frå ordninga, og det går for tida føre seg diskusjonar i rådet om saka. Målet er at EU-landa skal bli einige i førstninga av desember. Sidan kvart medlemsland kan få bestemme om de vil fortsette med sommartid eller ikkje, kan forslaget innebere auka tidsforskjellar i Europa.

I Norge blei sommartid innført i 1980, men vi har også hatt det i nokre periodar tidlegare.

(©NTB)

Artikkeltags