Mathias (16) og Arne (17) skal kjempe mot nordens beste 19-åringar

KLARE FOR NORDISK: Kulestøytar Mathias Dale (t.v.) frå Breimsbygda IL(tidlegare frå Florø) og sleggekastar Arne Devik frå GFIL skal representere Norge i helga. Det skal også Steffen Melheim Frå Olden i diskos.

KLARE FOR NORDISK: Kulestøytar Mathias Dale (t.v.) frå Breimsbygda IL(tidlegare frå Florø) og sleggekastar Arne Devik frå GFIL skal representere Norge i helga. Det skal også Steffen Melheim Frå Olden i diskos.

Tre utøvarar frå fylket er teke ut til Nordisk mesterskap og juniorlandskamp i helga.

DEL

FIRDA: Norges friidrettsforbund har teke ut troppen til Nordisk meisterskap og juniorlandskamp som blir arrangert i Kristiansand 17. og 18. august. Her blir landets to beste menn og kvinner i kvar grein i U20-klassa tekne ut, og her har Sogn og Fjordane sikra seg tre utøvarar.

Her finn ein GFIL og Breimsbygda-utøvarane Arne Devik (slegge) og Mathias Andreas Reksten Dale (kule). Mathias har tidlegare budd i Florø. Dei reiser saman med Steffen Melheim frå Olden IL (diskos).

Svært unge

Jørund Årdal er trenar for alle tre, og fortel at dei alle no reiser på sitt første nordiske meisterskap. Ein annan fellesnemnar er at alle tre er kvalifiserte i svært ung alder, og skal konkurrere mot Nordens beste 19-åringar, skriv Firda.

– Devik er 17 år, medan dei to andre er 16, seier Årdal.

Melheim med medaljesjansar

Trenaren fortel at dei alle kan vente seg hard motstand, men at meisterskapen er ein god erfaring som gir dei unge utøvarane noko å strekke seg etter til neste år.

Samstundes er han klar på at yngstemann av dei tre reiser til Kristiansand med medaljesjansar.

– Steffen Melheim har sjansen til å kjempe heilt i toppen. Det er spesielt å vere ein medaljekandidat i så ung alder. Så det blir spennande å sjå, seier Årdal, som reiser saman med dei tre utøvarane til helga.

Mathias (16) tok NM-gull laurdag og sette ny krinsrekord dagen etter

Første lokale på nokre år

Etter ein lang periode med Marte Rygg Årdal og Trude Raad som faste innslag under Nordiske stemne, samt Thomas Mardal som den siste i rekka, så fortel Årdal at det har vore eit par der fylket ikkje har greidd å kvalifisere utøvarar.

– Då er det bra at fylket no har fått med tre kastarar. Det gir dei gode sjansar til å hevde seg betre framover, seier Årdal, som fortel at meisterskap som dette er det første trappetrinnet før internasjonale konkurransar.

Her kan du sjå heile troppen til meisterskapen.

Artikkeltags