– Ordninga er tenkt innretta slik at elevar med skuleskysskort skal få høve til å nytte alternative ruter heim frå skulen dersom det er ledig kapasitet på bussen, til dømes i samband trening.

Det skriv Firda.

Saka kjem fram i eit brev frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til kommunane i fylket.

Det er ikkje sett av ekstra midlar til ordninga, som betyr at det ikkje vil bli sett opp ekstra ruter eller auka vognkapasitet. Ordninga tek sikte på å utnytte eksisterande rutetilbod.

Kommunar som ønskjer å nytte seg av den nye ordninga må kontakte samferdsleavdelinga. Deretter skal fylkeskommunen og kommunen saman plukke ut aktuelle ruter med ledig kapasitet.

Kommunen må deretter informere elevane om kva avgangar som inngår i ordninga, såkalla «grøne avgangar».

Skuleskysskorta gjeld berre mellom heim og skule, og er knytt til tal skuledagar. Det vil ikkje vere høve til å nytte skuleskysskortet andre stadar enn på skuleruta og dei «grøne rutene».

Innspelinga av Lovleg er i gang. Tor-Kristian (19) og Kristianne (19) er statistar