Korleis kan ein gjere små tettstader meir attraktive?

Artikkelen er over 1 år gammel

Fylkeskommunen deltek i nasjonalt prosjekt om attraktiv stadutvikling

DEL

Eit av spørsmåla prosjektet stiller er korleis ein kan samordne areal-, transport- og sentrumsutvikling på ein måte som bidreg til meir attraktive, inkluderande og klimavennlege norske tettstadar? Det er i regi av Bygdepakke Bø og Sauherad. Oslofondet har gitt 3,8 millionar i forskingsmidlar til prosjektet. Den totale ramma på det treårige prosjektet er 7,6 millionar. Det er inn i denne potten Sogn og Fjordane fylkeskommune skal bidra med, samtidig som dei stiller med kompetanse.

– Dette kan bety mykje for tettstadane i fylket vårt. Ein får vera med på å utvikla ny kunnskap om, og tilpassing av verkemiddelbruken retta mot meir klimavenlege, attraktive og inkluderande tettstadar, i vår målestokk, seier Synnøve Stalheim, plansjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Prosjektet skal utvikle både tilitspakkar og samarbeidsmodellar til mindre tettstader.

Desse er med: Prosjektet er eit samarbeid med følgande partnarar: Bø og Sauherad kommunar (prosjektansvarleg), Transportøkonomisk Institutt (TØI, prosjektleiar), By- og regionforskningsinstituttet (NIBR), Vestlandsforsking, Roskilde Universitet, Kungliga Tekniska Högskolan, Vegdirektoratet, Jernbanedirektoratet, Distriktssenteret, Telemark fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Hol kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Stryn kommune, Nordland fylkeskommune, Sortland kommune. I tillegg ei rekkje lokale aktørar som næringsorganisasjonar og frivillige. I Bø og Sauherad er òg Universitetet i Sørøst-Norge med.

Artikkeltags