Slutt på fødselsattest i posten

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

SKATTETATEN: No kjem det ei bekrefting i innboksen i staden for.

DEL

Medan nybakte foreldre tidlegare fekk fødselsattesten til barnet sitt i posten, er den no erstatta med ei digital fødselsbekrefting i Altinn. Den fortel at barnet har blitt registrert med namn og fått tildelt eit fødselsnummer i Folkeregisteret.

Det er dermed slutt på at Skatteetaten sender ut fødselsattesten på papir, med mindre foreldra sjølve spør etter dette.

Fødselsattest på bestilling

«Bekreftelse på registrering av fødsel og navn i Folkeregisteret» inneheld same informasjon som fødselsattesten, men vil ikkje ha handskriven signatur eller stempel.

 - Attestens rolle i samfunnet er kraftig redusert. Vi blir eit stadig meir digitalisert samfunn, og Skatteetaten forventar at den digitale bekreftinga vil erstatte behovet for fødselsattest på papir i dei fleste tilfelle. Foreldre som treng barnets fødselsnummer for å søke om tenester som barnehageplass, vil enkelt ha det tilgjengeleg i meldinga som kjem i Altinn-innboksen, seier direktør for informasjonsforvalting i Skatteetaten, Jørn Leonhardsen.

For dei som har behov for det, kan fødselsattest med stempel og underskrift framleis bestillast på nett.

 - Foreldre som treng fødselsattesten kan bestille den i Altinn som før. Det er fordi det framleis er nokre som vil ha behov for underskriven attest. Dessutan kan det ta tid for verksemder å omstille seg til å hente informasjonen elektronisk, eller å gjere seg kjende med den nye bekreftinga, seier Leonhardsen.

Enklare for alle

Digitaliseringa av attestar er ein del av moderniseringa av Folkeregisteret.

- Å utferde attestar på papir er dyrt og ressurskrevjande. Det er ikkje berre Skatteetaten som brukar tid og ressursar på å utferde attestar som nesten ingen har bruk for. Folk må oppbevare attestane, kopiere eller skanne dei. Det slepp de no, seier Leonhardsen.

For offentlege og private verksemder som brukar opplysningar om foreldreansvar for å yte ei teneste, kan moderniseringa forenkle dialogen med brukarane eller kundane og raskare få inn relevant informasjon i saksbehandlinga.

Artikkeltags