Kva gjer du om du finn ein nedkjølt person?

Illustrasjonsfoto frå mann over bord-øving hos Redningsselskapet.

Illustrasjonsfoto frå mann over bord-øving hos Redningsselskapet. Foto:

Redningsselskapet deler tips om kva som er smart å gjere.

DEL

Det er kaldt vatn i Norge store delar av året, og kroppen vår toler dårleg å bli nedkjølt. Blir kjernetemperaturen i kroppen redusert med 3–4 grader, klarar du ikkje lenger å ta vare på deg sjølv. Går kroppstemperaturen ned 6–7 grader, er det fare for livet ditt. I vasstemperaturar på 5–15̊C kan du overleve i mellom 45 minutt og fire timar, avhengig av omstenda. Ein misser raskt muskelkraft i kaldt vatn. Dessutan er det mange som døyr av sjokk før dei døyr av nedkjøling.

Rundt 75 prosent av alle drukningsulykker i Norge skjer etter at ein person fell i vatnet frå land eller frå ein båt. I eit ikkje-planlagt møte med kaldt vatn, reagerer kroppen med kuldesjokk. Kunnskap om kaldt vatn og kuldesjokk kan redde ditt og andres liv.

Kuldesjokk får du om du fell ut i vatn som er 15 grader eller kaldare. Pusten blir raskare og ukontrollert, anten du vil eller ikkje. Det er farleg, særleg viss du hamnar under vatn og pustar det inn i lungene. Kuldesjokk er ein av dei viktigaste årsakene til at folk druknar.

Du sjølv:

Om du hamnar i kaldt vatn, er det svært viktig at du forsøker å behalde roa og overvinn ønsket om å plaske rundt. Len deg bakover, og flyt på ryggen med armar og bein i stjerneformasjon. Beveg forsiktig på armar og bein om du treng det for å halde deg flytande. Flyt til kuldesjokket har gitt seg, og du har kontroll på pusten din. Det tek frå 60 til 90 sekund. Planlegg neste steg: Rop om hjelp, varsle på anna vis, eller sym i tryggleik, om det er realistisk. Er du ved ein båt eller eit skjer, er det sannsynlegvis lurast å halde seg der.

Om du finn ein person i vatnet:

Få personen ut av vatnet og kulden. Tenk eigen tryggleik – det er vanskeleg å hjelpe andre viss du sjølv fell i vatnet. Forsikre deg om at personen er vaken og pustar normalt, bevisstlause skal leggjast i sideleie. Tilkall hjelp ved å ringe 1-1-3 eller ved å bruke maritim VHF-kanal 16. Fjern våte klede, erstatt med tørre. Pass på å legge noko under pasienten slik at dei ikkje ligg med ryggen rett ned på eit kaldt underlag. Pasientar som skjelv/hutrar er dei som er minst alvorleg nedkjølte. Ver merksam på dei som er rolege, sløve og ikkje klagar, då desse kan bli bevisstlause og få ufrie luftvegar. Medan du ventar på hjelp, følg med på vedkommandes pust. Dersom pasienten blir bevisstlaus og ikkje pustar normalt, start hjarte-lunge-redning.

Hugs at du ikkje må gi pasienten alkohol, men tilby gjerne varm, ikkje-alkoholhaldig drikke med mindre han eller ho kastar opp.




Artikkeltags