Beste februar nokonsinne for norsk sjømateksport

Laks i merden hos E. Karstensen Fiskeoppdrett i Fanøya.

Laks i merden hos E. Karstensen Fiskeoppdrett i Fanøya. Foto:

Volumet krympa, men verdien auka.

DEL

Norge eksporterte 198.700 tonn sjømat for 7,8 milliardar kroner i februar. Det er ein reduksjon på 57.000 tonn eller 22 prosent i volum, og ein auke på 670 millioner kroner eller 9 prosent i verdi samanlikna med februar i fjor, skriv Norges Sjømatråd i ei pressemelding.

Hittil i år er det eksportert 406.000 tonn sjømat til ein verdi av 16,4 milliardar kroner. Det er en nedgang i volum på 13 prosent, medan verdien har auka med 1,6 milliardar eller 11 prosent mot same periode i fjor.

– Årets februar er den beste februarmånaden for norsk sjømateksport nokonsinne. Dette skuldast mellom anna auka verdi på lakseeksporten nok ein gong. I tillegg har auka volum og auka seiprisar bidrege til verdiauken innanfor kvitfisksektoren. Det har òg vore ein auke i verdien på eksporten av sild og makrell i februar, som bidreg til den rekordeksporten. Volumnedgangen for denne månaden blir i all hovudsak tilskriven nedgang i fiske på lodde, seier sjømatanalytiker Ingrid Kristine Pettersen.

Det blei eksportert 80.000 tonn laks til ein verdi av 5,1 milliardar kroner i februar. Berre sju prosent auke i volum har gitt ein 11 prosents auke i verdi - 492 millionar kroner meir kom inn i februar i år. Dei største vekstmarknadane er Polen, Danmark og Litauen.

Ein har også sett ein auke for ørret, sild, makrell, skrei og frosen torsk, medan det har gått mindre fersk torsk. Klippfiskeksporten har auka voldsomt: 9300 tonn til ein verdi av 386 millionar vart sendt ut av landet i februar. Volumauken her er på heile 69 prosent, medan verdiauken er på 68 prosent. Brasil, Portugal og Den Dominikanske Republikk var dei viktigaste marknadane denne månaden; auken i volum har spesielt gått til Brasil.

Artikkeltags