Kystverket utvidar tilbod om gratis navigasjonshjelp

112 nye ruter er tilgjengelege i digital kartløysing frå Kystverket.

112 nye ruter er tilgjengelege i digital kartløysing frå Kystverket. Foto:

112 nye ruter mellom Haugesund og Stad i routeinfo.no.

DEL

Kystverkets routeinfo.no har fått denne utvidinga som eit ledd i etableringa av ei nasjonal, digital ruteteneste for tryggare og smartare sjøtransport. Rutetenesta gir navigatørar tilgang til kvalitetssikra seglingsruter og viktig ruteinformasjon.

Via routeinfo.no kan navigatørar som planlegg å anløpe hamner frå Oslofjorden til Stad laste ned kvalitetssikra seglingsruter direkte inn i sine kartsystem om bord. Desse rutene og ruteinformasjonen er kvalitetssikra av nautikarar i Kystverket, og gir navigatørar detaljert informasjon om gjeldande seglingsforhold og -reglar for innsegling og anløp. Dette er informasjon som i dag ligg spreidd i ulike kart og publikasjonar, og som er vanskeleg tilgjengeleg for navigatørar.

‒ Ved å tilby kvalitetssikra seglingsruter reduserer vi risikoen for at fartøy tar uheldige ruteval som kan auke risikoen for uønskte hendingar. Og ved å gjere viktig ruteinformasjon tilgjengeleg digitalt på ein stad bidrar tenesta til enklare og meir effektiv ruteplanlegging, seier senioringeniør John Morten Klingsheim i Kystverket.

Den digitale rutetjenesta blei etablert i 2018 med digitale ruter for Oslofjorden. Med siste utviding nordover til Stad tilbyr tjenesta no 278 digitale seglingsruter. Før sommaren kjem det endå ei utviding av ruter for Møre og Romsdal og heile Trøndelag. Innan utgangen av 2020 vil Kystverket lansere ei komplett ruteteneste for heile kysten, inkludert Svalbard, med totalt 500 digitale seglingsruter.

Routeinfo.no er ei gratis teneste som skal bidra til tryggare og meir effektiv skipsfart. I fjor var det 41.000 lospliktige seglasar i farvatnet mellom Haugesund og Stad - 6900 av dei med farleg last. Dette farvatnet har mange innseglingsmoglegheiter, og i dårleg vêr vel fartøy ofte meir skjerma ruter innaskjers. Ein stor andel tette og kystnære seglasar medfører høgare risiko når det blir gått med farleg eller forureinande last. Dette vil den nye tenesta forhåpentleg bidra til å rette på.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken