Florø-bygd båt i massiv eksplosjon i Sør-Korea

Stolt Groenland.

Stolt Groenland. Foto:

DEL

Det var i oljetankaren "Stolt Groenland" det gjekk av to eksplosjonar då den låg ved kai i Ulsan, Sør-Korea, laurdag i førre veke. Skipet er eigd av det norsk-luksemburgske reiarlaget Stolt-Nielsen.

Eksplosjonane hende i 11-tida på føremiddagen lokal tid, og den voldsomme brannen som oppstod, spreidde seg også til eit anna skip, nemlig den Odfjell-eigde tankaren "Bow Dalian". Det ser ut til at årsaka til eksplosjonane var ei overoppheting av lasta; som bestod av råstoff til plastproduksjon.

Det 25 mann store mannskapet frå Russland og Fillippinane som var om bord i tankaren, pluss dei 21 som var om bord i "Bow Dalian", blei evakuerte etter hendinga. Brannen vart sløkt etter omfattande innsats, og reiarlaget opplyser at ein person kom til skade og fekk legehjelp, skriv hellenicshippingnews.com.

"Stolt Groenland" vart ferdigstilt på STX Florø i 2009 som byggnummer 153, og det var det nest siste i serien på seks som verftet bygde for Stolt-Nielsen. "Stolt Groenland" er ein kjemikalietankar med ei lengd på 183,1 meter og 25.841 bruttotonn.

Her er lenke til ein Facebook-video av eksplosjonen.


Artikkeltags