I Norge kan båtar sleppe ut kloakk 300 m frå land. Internasjonalt må ein 12 nautiske mil ut.

Flyfoto frå Florø sentrum og sørover mot Oddane, Askrova og lengst i sør, Alden.

Flyfoto frå Florø sentrum og sørover mot Oddane, Askrova og lengst i sør, Alden. Foto:

SJØFART: Men no skal det bli strengare også her. Eit nytt regelverk som skal redusere utsleppa av kloakk langs norskekysten, er no sendt ut på høyring.

DEL

Sjøfartsdirektoratet har laga eit forslag til nye reglar for utslepp av kloakk, som no er sendt ut på høyring. Formålet er å bidra til mindre utslepp av kloakk langs norskekysten, særleg i indre farvatn med mindre strøm og mindre vassutskifting.

300 meter frå land

– Forslaget vil innebere ein monaleg reduksjon av utslepp av kloakk og bidra til å ivareta miljø og helse, seier Bjørn E. Pedersen, avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.

I norsk farvatn er utsleppskrava mindre strenge enn det som følger av det internasjonale regelverket, som seier at grensa for utslepp av kloakk er ved 12 nautiske mil, altså 22.224 meter frå land. Der er det også krav om at alle skip som er omfatta av regelverket skal vere utstyrte med kloakkreinseanlegg, oppmalings/desinfiseringsanlegg og/eller oppsamlingstank. For oppmalt og desinfisert kloakk går utsleppsgrensa ved tre nautiske mil.

I Norge kan ein sleppe ut ureinsa kloakk 300 meter frå land langs store delar av kysten. Dette har bakgrunn i at mange kommunar mangla reinseanlegg for kloakk då regelverket blei innført, i tillegg til at det generelt er god sirkulasjon i vassmassane langs kysten.

Her til lands er dei strenge internasjonale reglane kun gjeldande for skip i utanriksfart frå Lindesnes til svenskegrensa. Ein foreslår no å gjere desse utsleppskrava gjeldande for både internasjonal fart og innanriksfart, i heile det norske farvatnet.

Skjerpa krav

Forslaget rettar seg mot skip med internasjonale sertifikat, uavhengig av byggeår og for passasjerskip med fartsområde "liten kystfart" eller mindre, eller "kystfiske eller mindre" med bruttotonnasje 400 eller meir, og som er sertifisert for meir enn 100 passasjerar.

Dei gjeld også for nybygg over 400 bruttotonn som har kontraktsdato etter 1. mars 2020, sertifiserte for meir enn 15 personar og som skal gå i fartsområda «liten kystfart» eller «kystfiske».

Dersom desse skipa går i fart som gjer det vanskeleg å overhalde den geografiske grensa, må dei ha kloakkreinseanlegg eller oppmalings- og desinfiseringsanlegg. Alternativt kan dei ha oppsamlingstankar for kloakk om bord, som kan leverast til land for tømming. For passasjerskip i rutefart i Norge blir det foreslått ei innfasing av utsleppskrava for kloakk.

Skip som ikkje er omfatta av den nye grensa må framleis følge den eksisterande utsleppsgrensa, som går 300 meter frå fastland og øyer.

Målet er å få dei nye reglane på plass allereie 1. mars 2020.

Artikkeltags