Fleire jobbar på sjøen enn på lenge

SSB: Og aller flest har fylket nord for oss - Møre og Romsdal.

DEL

- Trass i nokre tøffe år i maritim næring etter oljeprisfallet har talet sjøfolk halde seg rimelig stabilt, og vi ser ei positiv utvikling frå 2017 til 2018. Dessutan er det gode nyheiter at vi har så mange kadettar og lærlingar til sjøs. Eg meiner dette viser at regjeringas politikk virker. Eg håpar at vi også framover vil få ein auke i talet på norske sjøfolk på norske skip, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

I fjor ba Nærings- og fiskeridepartementet SSB om å utarbeide ein oversikt over talet på norske sjøfolk. No er tala for 2016 til 2018 klare. Dei viser at det jobba 20.141 norske sjøfolk på norske skip i 2018. Desse sjøfolka er busette i alle landets fylker, men flest kjem frå Møre og Romsdal (4100), deretter Hordaland (3200), Nordland (2100), Rogaland (2000) og Trøndelag (1700).

SSBs tal viser at det var ein auke i talet på norske sjøfolk på skip i Norsk Ordinært Skipsregister (NOR) fra 2017 til 2018, frå 15.300 til om lag 15.400, etter ein nedgang året før. Tala viser også at talet på sjøfolk som jobbar om bord på skip registrerte i Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS) har auka dei siste åra.

I 2018 var det omtrent 2100 norske sjøfolk med arbeid om bord på NIS-registrerte skip, ein auke på nær 350 personar sidan året før. Samstundes har det vore ein nedgang i talet på sjøfolk som jobbar på utanlandskregistrerte skip sidan 2016. Oversikten viser også at det var 968 norske lærlingar og kadettar på norske skip i 2018.

Artikkeltags