På laurdag skrur dei av lyssignala i bomringen i Førde for godt

SLØKKER DESSE LYSA: Ved alle stasjonane i Førdes bomring står lyssignal som viser anten grønt (brikka er lesen), oransje (brikke ikkje registrert, tar bilde av skilta dine) eller kvitt (om du har forskotsavtale betyr det at ny faktura er undervegs, på etterskotsavtalar betyr det at fakturafristen er gått ut).

SLØKKER DESSE LYSA: Ved alle stasjonane i Førdes bomring står lyssignal som viser anten grønt (brikka er lesen), oransje (brikke ikkje registrert, tar bilde av skilta dine) eller kvitt (om du har forskotsavtale betyr det at ny faktura er undervegs, på etterskotsavtalar betyr det at fakturafristen er gått ut). Foto:

TRAFIKK: Statens vegvesen skal spare pengar, og sløkker alle slike lys over heile landet.

DEL

På laurdag 6. april skal alle lyssignal på bomstasjonar over heile landet sløkkast samtidig, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Hovudgrunnen er for å spare pengar på å sleppe å drifte lysa og etablere nye. I tillegg er det usikkert kor stor nytte trafikantane har av lyssigna, meiner Statens vegvesen.

– Dette er eitt av fleire tiltak for å effektivisere drifta av bompengesektoren. Vi har difor avgjort at alle lyssignal i bomstasjonar skal fjernast, seier Egil Aasheim, som er leiar i Kontor for AutoPASS i Statens vegvesen.

Forslaget om å fjerne lyssignala har vore på ekstern høyring, der bompengeselskap, bilbransjen, kommunar, fylkeskommunar og andre har fått seie sitt.

I tillegg til å sløkke lysa, skal sjølve lysstolpane fjernast også. Dette vil ta litt tid, skriv Statens vegvesen.

– Men vi vil sørge for at dette skjer så snart det er praktisk mogleg, skriv Aasheim.

Les meir om endringane som skjer i autopass-avtalen for tida:

Billigare enkeltpasseringar, men dyrare om du køyrer mykje 

Artikkeltags