Tre års graveforbud etter asfaltering

Botnavegen er ein av strekningane i Florø som skal få ny asfalt i kommande månad.

Botnavegen er ein av strekningane i Florø som skal få ny asfalt i kommande månad. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Både i Florø og på øyane skal vegar asfalterast.

DEL

Fleire vegar i Florø og på øyane i vest vil bli asfalterte i løpet av oktober.

Difor melder Flora kommune på sine nettsider at dersom nokon har behov for graving i vegen (til dømes på grunn av el-kablar, telekablar, nye vassrøyr og kloakkrøyr til eigedomen eller andre ting), så bør dette være utført innan 10. oktober.

Dei første 3 åra etter asfalten er lagt, vil kommunen nemlig ikkje gi graveløyve, og ein vil også utover dette vere tilbakehalden med å gi graveløyve for desse vegane.

Kommunen gjer samstundes merksam på at det er eit generelt krav om stikkrenne i private avkøyrsler langs kommunale vegar.

Dersom nokon ønskjer bistand eller råd i samband med private røyr eller stikkrenner kan dei ta kontakt med Flora kommune på telefon 57 75 60 00 eller med prosjektleiar Joakim Nordvik på telefon 99265607, skriv kommunen.

Vegane som skal asfalterast er Bergmovegen, Vågavegen, Digreneset, Nybøvegen, Botnavegen og Dalvegen.

I distriktet skal følgjande vegar asfalterast: Øvrebøvegen, Hovdevegen, Barekstadvegen, Kvernhusvågen, Fanøyvegen og Lauvåsvågen.

Les også:

Artikkeltags