Widerøe går i minus på fleirtalet av dei kommersielle rutene og har varsla at det kan komme kutt. No seier statssekretær i Samferdselsdepartementet Brage Baklien (Frp) at departementet er uroa for om Widerøe er i stand til å levere.

– Ein kan spørje seg om dei legg ned ruter fordi dei treng flya andre stader. Widerøe har kansellert over 200 flygingar i Troms og Finnmark i september, og vi byrjar å bli uroa for selskapets evne til å levere det vi faktisk betaler dei for, seier Baklien til NRK.

Widerøe hadde eit møte med samferdsleministeren sist fredag der dei orienterte departementet om den krevjande hausten. Dei meiner at kanselleringane og dei varsla kutta i rutene ikkje har noko med kvarandre å gjere.

– Vi har hatt ekstra store utfordringar med drifta i september som følge av tøffe vêrforhold, samanstøyt med fuglar og lynnedslag. Men i siste del av oktober har vi kunne tilby eit tilnærma normalt rutetilbod igjen. Widerøes planlagde kutt i kommersielle ruter skyldes ikkje at vi har behov for fly andre stader. Det skyldes at rammevilkåra for kommersiell drift på kortbanenettet har blitt så dårleg at det er svært vanskeleg å levere eit tilbod på desse ruteområda som dekker behovet for flyreiser, og som samtidig er lønnsamt å drive. seier Silje Brandvoll som er direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Widerøe.