Hjulproblem ordna, riksveg 5 er opna for fri ferdsel

Stogga trafikken: Ein bil som fekk problem med hjulet danna køar på riksveg 5 måndag ettermiddag. Den raude bilen har stogga for å hjelpe.

Stogga trafikken: Ein bil som fekk problem med hjulet danna køar på riksveg 5 måndag ettermiddag. Den raude bilen har stogga for å hjelpe. Foto:

DEL

(Firda) – Vi fekk først melding om at det hadde vore ei trafikkulykke på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal. Det viste seg at det ikkje var så alvorleg. Ein bil har mista hjulet, men står slik til at den sperrar eine køyrefeltet. Dermed har det danna seg mykje køar, seier operasjonsleiar Knyt Dahl-Michelsen.

Politiet fekk melding om at noko hadde skjedd klokka 16.25.

Lokalt politi er klokka 16.40 komme fram til staden – og dirigerer trafikken fram til bergingsbil får fjerna bilen som sperrar delar av vegen.

Ein halvtime seinare snakkar Firda sin journalist på staden med politibetjent Kristine Skilbrei som er på staden.

– Ein bil har punktert, og måtte ha hjelp for å få ordna opp. No er alt i orden igjen, og vegen er opna, sa Skilbrei.

Artikkeltags