Vy Fjord1 Reiseliv AS vart stifta i sommar - no er direktøren på plass

FLORØ: Kristian B. Jørgensen har vore administrerande direktør i Fjord Norge AS i 11 år.

DEL

No blir han sjef for Vy Fjord1 Reiseliv.

– At Vy og Fjord1 to no satsar saman er det mest spennande og framtidsretta som skjer innan norsk reiseliv, meiner han.

Den internasjonale turismen er forventa å vekse med 50 prosent fram til 2030. For å sikre ei bærekraftig utvikling må vi inspirere turistar frå heile verda til å velje meir miljøvennlege løysingar når dei er i Norge, meiner Jørgensen.

Det inneber å få dei til å velje miljøvennlege løysingar, slik som kollektivbaserte reiseopplevingar og rundturar, samstundes som ein ønskjer opne turistane sine auge for verdien av det å reise saktare, bli lenger, sjå meir og komme hit heile året.

Artikkeltags