Politiet meiner dei har funne sakna bil i Jølstravatnet

Politiet melder torsdag ettermiddag at dei meiner å ha funne bilen som blei teken av raset på sørsida av Jølstravatnet tysdag førre veke.

Politiet melder torsdag ettermiddag at dei meiner å ha funne bilen som blei teken av raset på sørsida av Jølstravatnet tysdag førre veke. Foto:

Av

Har funne metallgjenstand på 170 meters djupne. – Vi er temmeleg sikre på at det er den sakna bilen vi har funne, seier lensmann Dag Fiske.

DEL

Politiet melder at dei har funne bilen som blei tatt av raset på sørsida av Jølstravatnet førre veke, skriv firda.no.

Denne veka har politiet søkt med magnet og sonar i raset.

– I dag vart det avdekka ein større metallgjenstand på om lag 170 meter djupne, 660 meter ut i vatnet, skriv politiet i ei pressemelding like før klokka 14.

– Med stor sikkerheit ein bil

Det er gjort nærare undersøkingar rundt gjenstanden med sonar.

– Politiet kan med stor sikkerheit seie at det er ein bil som er funnen, skriv Ragnhild Vikestrand, kommunikasjonsrådgjevar i politiet.

Sonarbilda viser eit tydeleg omriss av gjenstanden, melder dei.

– Ut frå eit sonarbilde er det ikkje mogleg å seie om gjenstanden ligg i sjølve raset eller oppå raset.

Det er framleis for dårleg sikt i vatnet til å ta bilde under vatn, ifølge politiet.

– Vi kan dermed ikkje få undersøkt om det eventuelt er ein person i det vi antar er ein bil, skriv politiet.

Dårleg sikt gjer arbeidet vanskeleg

Per torsdag er det vanskeleg å seie kor tid sikta i vatnet blir god nok til å gjennomføre fleire undersøkingar, ta undervassbilde og heve gjenstanden.

Politiet vil jobbe vidare med prognosar for kor tid det vil bli god nok sikt, men truleg vil det ta noko tid, melder dei.

– Politiet vil også jobbe med eventuelle metodar for heving av gjenstanden.

Saka blir oppdatert.

Rasa i Jølster har gjort skadar for minst 50 millionar 

Graving på land gav ingen funn – held fram søket med miniubåt 

Politiet hadde berre to politifolk på Vassenden på raskvelden

JØLSTER: Leiteaksjon og oppryddingsarbeid etter det store raset på Fv.451 på sørsida av Jølstravatnet. Ein person er framleis sakna i raset.

JØLSTER: Leiteaksjon og oppryddingsarbeid etter det store raset på Fv.451 på sørsida av Jølstravatnet. Ein person er framleis sakna i raset. Foto:

Artikkeltags